– Det har betydd at me har fått ein sterkare organisasjon og truleg mindre dobbeltarbeid. Dei to tidlegare laga dreiv med dei same aktivitetane og hadde meir eller mindre same føremål og ein såg nok at ein ville stå sterkare i lag enn kvar for seg, sier styreleder i BUL Ervingen, Torbjørn Bergwitz Lauen.
Ti år sammen som BUL Ervingen faller også sammen med at det i år er 50 år siden laget kjøpte Fensal og 100 år siden kjøpekontrakten ble signert for Gimle. To store flotte kulturhus i Kong Oscars gate i sentrum.
– Å ha eigne hus er heilt fantastisk, og me er glade det var framsynte folk som styrte laget for 100 år sidan som såg seg tent med å spare inn pengar til eiget hus. Med unnatak av kontorlokalet på hjørnet som me disponerer sjølv er heile Fensal utleigd til Bergen kommune, ein avtale me er godt nøgde med og håpar kan halde fram med dét ei stund til framover. BIKS som leiger huset av kommunen att skipar til utruleg mykje fint, og sjølv om dei sikkert ikkje er klar over det sjølv er mykje av arbeidet dei driv med i tråd med vårt eige føremål om å fremje kultur og skape gode arenaer for folk i alle aldrar.
Til våre eigne aktivitetar nyttar me for det meste Gimle. Det er eit gamalt hus, bygd allereie 1896, så det er ein del arbeid med å halde huset ved like. Husa våre er heldigvis ikkje eigd direkte av laget i tilfelle noko skulle skje, men me har eit eige selskap (Ervingen Kulturhus A/S) som har ansvaret for den overordna drifta og vedlikehaldet av husa våre. Me er for tida midt i eit stort oppussingsarbeid. Så langt har me byta ut alle vindauga, og ført dei store vindauga i storsalen til slik dei opphavleg var når me tok over huset i 1915. Vindauga går no nesten heilt ned til golvet og gjev eit heilt anna kjensle i rommet med både utsikt og meir lys inn. Det er òg planlagt å m.a. få inn ein heis etterkvart. Det er i dag berre trapper i huset noko som gjer huset lite tilgjengeleg for ein del folk. Å få inn heis har vore eit ønskje me har hatt i lang tid, men det er dyrt og me har hatt vanskelegheitar med å få stønad. Men med gode folk og ved å ta tida til bruk får me nok pengar til slutt.
Den langsiktige planen er at me framleis skal eige og drive husa våre om 50 og 100 år for å fremje kultur og vere ein aktiv medspelar i utviklinga av eit levande og godt miljø for alle aldersgrupper.
Hva opplever BUL Ervingen som de største utfordringene i dag?
– Sjølv om medlemstalet vårt no aukar er rekruttering ei utfordring. Det er særleg aldersgruppa 30-50 me merker ein nedgang samanlikna med tidlegare år. Me har mange studentmedlemmar som ofte reise vekk att når dei er ferdig med å studere, og dei som vert att stiftar gjerne familie og forsvinn på den måten.
Men ei endå større utfordring enn rekruttering er likevel å få folk til å ta på seg tillitsverv. Me merker at det sit lengre og lengre inne hjå folk å sei ja. Det er mange som kan tenke seg å ta i eit tak no og då når me treng hjelp til å stelle i stand til ein fest, luke ugras på hytta vår eller rydde på bakromma. Men å sei ja til å sitte i særlagsstyret (dei ulike aktivitetane våre er organisert i særlag med eigne styre) og organisere øvingar og turar er vanskeleg. No er me til og med så heldige at me har ein tilsett organisasjonssekretær og ein rekneskapsførar, så dei treng korkje skrive søknadar eller føre rekneskap sjølv. Det er rett og slett for få som ønskjer å binde seg opp eit heilt år, og dei som faktisk seier ja seier jo ja til alt. Dei er gjerne òg aktive i andre lag og organisasjonar og har verv der. Det er viktig å ikkje bruke opp dei gode eldsjelene heller!
Og dere har skrevet en jubileumsbok…?
– Me har i allefall skrive eit jubileumshefte. Denne vert lansert fredag 16. oktober mellom konserten med unge lovande spelemenn frå laget og føredraget om Gimle og Fensal sin historie. Fram til i fjor hadde me vårt eige medlemsblad, Bodstikka, som kom ut to gonger om året, men i fjor gjekk me over til å berre nytte nettsida. Me sender òg ut eit nyhendebrev (som no heiter Bodstikka) kvar måndag. Redaksjonen har gått gjennom desse medlemsblada og funne artiklar, reportasjar og intervju frå dei siste ti åra, samt at dei har skrive noko nytt òg. Nett no sit me å syr dette saman til eit heftet som skal leverast til trykkeri på måndag. Både BUL Bergen og BUL Ervingen har opptil fleire ulike jubileumsbøker som skildrar historia til desse laga fram til kring 2000. Ei oppsummering av desse bøkene finnast på nettsida vår: http://bergen.ungdomslag.no/organisasjon/historie/
Jubileumshelgen 16.-18. oktober har et fullspekket program som du finner HER