Hentet fra invitasjonsbrev fra Kulturminister Hadia Tajik:
Sidan 2005 har regjeringa satsa sterkt på kultur og frivillig sektor gjennom Kulturløftet 1 og 2. Løyvingane til kultur har auka med 5 milliardar kroner, ei dobling sidan 2005. 1 milliard av dette har gått til momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar.
No skal vi peike ut retninga for dei komande åra. Difor vil eg denne våren reise rundt i alle fylka for å få innspel. Kva bør vi halde fram med? Kva bør vi satse på framover? Korleis sikre at fleire deltek?
Eg vil gjerne invitere din organisasjon/institusjon til innspelsseminar i Hordaland:
23. mai kl. 10.00-12.00 på Litteraturhuset i Bergen
I møtet vil det bli høve til å kome med innspel til arbeidet. De kan og sende innspel til Kulturdepartementet på nettsida vår. For påmelding og innspel eller for meir informasjon, sjå: www.regjeringen.no/kulturloftet.