Alle har en historie

– For eksempel har me i tre år samla munnlege forteljingar om nyare sjøfartshistorie gjennom å intervjua sjøfolk om deira liv. Og no har forskarar oppdaga at det ligg veldig mykje informasjon i desse opptaka, som ikkje kan finnast andre stader,
På ein måte er me ein «nærTV-stasjon», for så sant dei som vert intervjua ynskjer det, publiserar me intervjuet på nettsida vår.
Men eit «program» på vår kanal er veldig annleis enn vanlege TV-kanalar: Me har stort sett berre eitt bilde – og det er «a talking head», eit snakkande hovud. Og dei er gjerne både ein og to timar lange. Men det er tydeleg at det interesserer mange likevel. For å gjera det litt enklare for brukarane, lagar me loggar som viser i tekst kva intervjuet inneheld
, forteller Bjørn Enes, leder i Memoar.

Hvilke utfordringer har dere?
– Fyrst og fremst treng me å få fleire med i dette arbeidet. Det er tydeleg at etter kvart som dette blir kjent, er der veldig mange som har lyst å fortelja. Litt om litt trur eg nok mange vil bli interesserte i å gjere intervju og alt etterarbeidet som høyrer med og. Men akkurat no balanserer ikkje desse to gruppene. Det blir veldig mykje å gjera for få aktivistar – og lenge å venta for dei som har vore i studio. Så me arrangerer stadig kurs for å læra opp fleire. Aller helst vil me laga slike kurs samband med andre historie/sogelag, andre kulturminneorganisasjonar, bibliotek og musé. Folk som har lyst å bli med, må veldig gjerne ta kontakt!

Hvilke planer har dere i 2018?
– Me skal køyra tre typar kurs. Eit for folk som vil fortelja. Me kallar det «Mine memoarar» og målgruppa er folk som vil skriva eller fortelja munnleg om sine liv og livserfaringar. Me meiner at dei bør gjera begge deler – å fortelja er mykje enklare enn å skriva. På same tid er det å bli intervjua ein veldig nyttig framgangsmåte i ein skriveprosess. Så folk bør gjera begge deler – og dette kurset skal vera ein måte å få det til både effektivt og med høg kvalitet. Så skal vi laga eit kurs for intervjuarar – det skal truleg gå i Os i vår, så i Bergen vert det nok ikkje før til hausten. Og så skal me ha eit kurs for vidarekomne. Kan eg fortelja meir?

Ja…
– 6. mai skal me ha forteljarpanel på Sjøfartsmuseet for tredje gong. Då vert tema «Kvinner  til sjøs». Fem kvinnelege sjøfolk som alt har delt forteljingane gjennom intervju skal fortelja saman til publikum. Det brukar å vera veldig interessante arrangement.

Les mer om Memoar HER

Nyhetsbrev

Abonner på vårt nyhetsbrev og få nyheter om Bergens rike amatørkulturliv hver fredag.

Svar fra undersøkelse 2023

Amatørkulturplan